Breimsbygda sitt herrelag før comebacket i 5. divisjon i fjor vår. I år blir det definitivt ikkje 5. divisjonsfotball i Breim.

Breimsbygda trekkjer herrelaget frå 5. divisjon

– Vi har evaluert fjorårssesongen, gjort opp status og konkludert med at det ikkje er grunnlag for å gå vidare med eit 5. divisjonslag, seier leiar i fotballgruppa i Breimsbygda IL, Pål Sandal.

BBIL-herrane fekk eit tøft møte med 5. divisjon etter opprykket hausten 2013. Laget vann berre éin kamp, men greidde å fullføre sesongen. Trass i sisteplass i avdelinga, unngjekk laget å rykke ned, men det blir ikkje 5. divisjonsfotball i Breim denne sesongen.

Stor variasjon

– Vi hadde ein tøff sesong i fjor. Overgangen frå 6. til 5. divisjon var krevjande, spesielt fordi det var stor variasjon i kva spelarar vi hadde tilgang til på trening og i kamp, seier Pål Sandal og fortel at mangel på spelarar som vil satse vidare i 5. divisjon gjer at styret i fotballgruppa no har gjeve melding til fotballkrinsen om at laget blir trekt.

Breimningane har vore i kontakt både med Jølster, Vikane og Sandane med tanke på å få i stand eit samarbeid med ein av desse, men dette har ikkje lukkast. No er målet å stable på beina eit lag som kan spele i 6. divisjon denne sesongen.

Les heile saka i papirutgåva onsdag.