Home   >   Nyhende   >   Bråtebrann i Ommedal

Illustrasjonsfoto.

Bråtebrann i Ommedal

Måndag ettermiddag måtte brannvesenet rykke ut til ein bråtebrann i Ommedalen. Med god hjelp av ein bonde med gyllevogn vart brannen sløkt.

Måndag føremiddag fekk politiet melding om røykutvikling i eit bustadhus på Tefre i Førde. Brannvesenet tok seg inn i huset og fekk kontroll. Det var ikkje folk i huset.

Heile 18 bilførarar fekk forenkla førelegg i ein fartskontroll ved Amla på Kaupanger. Høgste fart i 80-sona var 97 km/t.

Åtte personar fekk gebyr for ikkje å bruke bilbelte i kontrollar Statens vegvesen hadde i Nordfjord måndag. Ein person vart meldt for å ikkje ha sikra eit born under 15 år i bilen.

På kontrollstasjonen på Kjøs i Stryn hadde Staten vegvesen storkontroll av turistbussar i helga. Dei melder at alle passasjerane nytta bilbelte i bussane, og gjev ros til sjåførar og reiseleiarar for god informasjon om reglane for beltebruk.