Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   Bøndene markerte misnøye

Bøndene markerte misnøye

Bondelaga i Gloppen markerte i føremiddag brotet i jordbruksforhandlingane med staten. Over 30 traktorar var samla på og ved Heradsplassen.

Frustrerte, men kampklare bønder kom frå fleire kantar av kommunen for å vise kva dei meiner om staten sitt tilbod til yrkesgruppa som produserer maten vår.

– Vi ventar at Stortinget gjer det dei har sagt dei skal gjere og gjev oss eit inntektsløft, seier leiar i Gloppen Bondelag, Einar Duvold.

Han utelukkar ikkje at dei lokale bondelaga set i verk fleire aksjonar i tida som kjem.

– Dette er den første aksjonen, no ventar vi litt og ser kva som skjer.

Bøndene sjølve brukte ledig tid i kommunesenteret til mellom anna å setje klistremerke på varer i butikkar for å synleggjere kvar maten vi et kjem frå.

Før dei reiste heim, køyrde dei kolonne gjennom sentrum.

Her er nokre glimt frå markeringa.