Home   >   Nyhende   >   Bøndene blokkerer utkjøring av mat

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Bøndene blokkerer utkjøring av mat

Frå fredag morgon klokka seks har bønder over heile landet hindra utkøyring av varer frå grossistlagera til matkjedene. – Vi vil vise at norsk mat ikkje er ei sjølvfølgje, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Tysdag vart det brot i jordbruksforhandlingane. Torsdag aksjonerte bønder aksjonert langs vegar og i butikkar landet rundt. No vert dei sentrale aksjonane trappa opp.

– Vi ønskjer eit mangfaldig jordbruk. Forbrukarane ønskjer norsk mat. Vi har opplevd sterk støtte og sympati desse dagane med brot. Mange ser at dette handlar om korleis vi vil at maten skal produserast framover, seier Lars Petter Bartnes.

– Vi ønskjer ikkje å ramme forbrukarane. Men vi må seie klart i frå om konsekvensane av at regjeringa ikkje vil satse på eit jordbruk over heile landet. Det er ein politikk som kan ramme forbrukarane sine ønskje om trygg kvalitetsmat, seier han.

– Vi håpar forbrukarane har forståing for aksjonane, legg han til.

Det er grossistlager over heile landet som vert blokkert. I Sogn og Fjordane er det ingen blokkeringar, men fredag var landbruks-og matminister Jon Georg Dale i Balestrand for å delta på den offisielle opninga av Ciderhuset Économusée – Handverkarar i arbeid. Hit reiste også bønder frå fylket for å aksjonere mot Dale.
– Vi ynskjer stoppe han på veg inn til opninga, slik at vi får han i tale, seier fylkesleiar Anders Felde i Sogn og Fjordane Bondelag.