NRK-profilen Christian Borch vitja Sandane torsdag.

- Bobla kjem til å ryke

Det låg ein pessimistisk undertone i foredraget til Christian Borch, men han valde å avslutte med eit optimistisk syn.
– Ei endring må skje, og den må kome relativt raskt, for vi er i ein situasjon der mykje flyt, sa han.


”Verda og vi” er ein serie foredrag der Gloppen Sogelag tek opp historiske og politiske tema. Først ut var NRK-profilen Christian Borch, og det var ei lydhøyr forsamling som møtte opp i kultursalen i Trivselshagen torsdag kveld.

Gjeldskrisa i Europa

– Teamet vi skal snakke om er litt meir brennbart enn mange skulle ønskje. Det handlar om Europa si framtid. Vi er i ei tid der vi må stikke fingeren i jorda og finne ut av kva som skjer rundt oss. Når Aftenposten skal prøve å skildre dagens økonomiske situasjon og kva som vil skje, skriv dei at kjøpefesten er over. Vi lever i ei verd der omgrepsapparatet er definert av ein kynisk reklameindustri, godt pakka inn i ordlydar som ”fordi du har fortent det”. Denne kjøpefesten har heilt klart nådd veggen, sa Christian Borch.

Les meir om det interessante føredraget i papiravisa måndag.