Fredag kveld vert det tredje og siste samling for GHK-spelarane i kampen for å få spele i 2. div. neste sesong.

Blir avgjort på nøytral bane

Tredje kamp i handballdramaet går fredag kveld.
Etter at Stryn vann med eitt mål på Sandane, og Gloppen gjorde det same i Stryn, må det altså ein tredje kamp til for å avgjere kven av dei to laga som skal spele i 2. divisjon neste sesong.
Det er no bestemt at kampen skal gå på nøytral bane, i Førdehuset kl. 20 fredag kveld. Stryn spelte i 2. divisjon sist sesong, Gloppen vann tredje divisjon suverent.
Men etter to harde bataljar, ikkje minst den siste i Stryn der dei unge glopparane imponerte med å vinne, skal det uansett bli ei avgjerd på fredag.
- Vi har berre blitt meir og meir motiverte og geara på å greie dette, seier GHK-trenar Bjørn Roth Andenæs. Han syns det er veldig bra at kampen skal endeleg avgjerast på nøytral bane. Han er også glad for at det er oppsett elitedomarar til den siste akta i handballdraamet mellom Gloppen og Stryn.
Fredag kveld skal det avgjerast, det er to svært gode lag som skal møtast. Den islandske Stryn-trenaren seier til Fjordingen at begge hadde fortent å spele i 2. divisjon. Det har han rett i.
Men det blir berre eitt av dei.
For alle som vil hjelpe dei svært flinke unge glopparane til 2.divisjon, er det berre å ta turen til Førde og heie fredag kveld!