Home   >   Nyhende   >   Det blei enkelt for STIL

Anders Frøyen scora eitt av måla for Sandane mot Bjørn.

Det blei enkelt for STIL

STIL slo Bjørn 4-0 i Sandane Idrettspark fredag kveld.

Heimelaget leia 1-0 ved pause etter mål av Petja Cink. Etter pause scora Anders Frøyen, Cink igjen og Abraham Johnny for dei blåkledde og sikra ein komfortabel siger mot eit svakt sognelag.

I ein annan kamp i 5. divisjon fredag, vann Jølster 4-1 over Stryn 2. Trond Vegard Ripe scora to mål i comebacket i den grøne og svarte drakta.

Les meir om kampane i papirutgåva måndag.