Arild Bruland (t.v.) og Sjur Åge Gimmestad i STIL Fotball er strålande nøgde med det siste anleggstilskotet til fotballen på Sandane: Fotballhallen på Myklebustflata.

– Blei betre enn vi håpte

– Vi er veldig nøgde. Det blir garantert ei god oppleving for dei som skal bruke hallen, underlaget er mjukt og godt, seier Sjur Åge Gimmestad og Arild Bruland i STIL Fotball.

Onsdag rulla dei han ut i Sandane Idrettspark. Nei, vi snakkar ikkje om Glava isolasjon, men om kunstgraset som blei lagt i den nye fotballhallen.

– Når vi ser det slik, føler vi det vart betre enn vi håpte då vi starta arbeidet her, smiler Sjur Åge Gimmestad og Arild Bruland.

Dei to er leiarar i høvesvis fotballgruppa og anleggsnemnda i Sandane turn- og idrettslag, og har vore primus motorar i realiseringa av fotballhallen på 20 gonger 40 meter som no har reist seg på Myklebustflata.

Les heile saka i papirutgåva fredag.