Dei to hotella på Reed slik dei sto rundt 1890. «The old established Gordon Hotel» står det på veggen til Gordon. I midten den gamle landhandelen og t. h. Viktoria Hotell. (Foto: K. Knudsen)

Bispeslektning og hotelleventyrar


Under vignetten «Frå arkivet» tek vi fram gode og lesverdige artiklar som tidlegare er presentert og som vi framleis trur har interesse. Denne saka var første gong publisert i Firda Tidend 27. juni 2013.




Ein kar frå Haus i Hordaland, med namnet Jakob Neumann Hammer, kom til å spele ei pussig rolle i utviklinga av turistnæringa i Jølster, Gloppen og tidlegare Innvik kommune.



Denne karen som dukka opp i Utvik i 1856, 21 år gammal, hadde store planar og mange visjonar. Men enten var han på feil plass til feil tid, eller så skorta det på vurderingsevna. Det meste han tok seg til innanfor forretningsdrift gjekk nemleg skeis.

Bispeslekt


Jakob Neumann Hammer var fødd i Haus i Hordaland i 1835 av foreldra Julius Christofer Hammer og Caroline Agneta Neumann. Mora var dotter til den kjende biskopen i Bjørgvin, Jakob Neumann. Han var mannen som introduserte Ivar Aasen for Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim, og som såleis skaffa språkgranskaren stipend til å halde fram arbeidet med å kartlegge dei norske dialektane. Faren var prest og var ei tid sokneprest i Kinn. Han sat også ein periode på Stortinget for partiet Venstre.

Til Utvik


Det kan høyrast merkeleg ut at ein ung mann på 21 år frå Hordaland kunne finne på å reise til Utvik for å drive butikk og gjestgjeveri, men det gjorde altså Jakob Neumann Hammer då han i 1856 kjøpte den gamle handelsstaden av Reinert S. Sivertsen.

Grunnen til at han hamna i Utvik kan vere så enkel som at kvinna han to år seinare gifta seg med, Antonette Osenbruch frå Bergen, hadde ein svoger og ein bror som begge dreiv handel i Nordfjord.

Svogeren dreiv handel på Faleide, på andre sida av fjorden, og broren, Jørgen, i Olden, eller Oldøren som det heitte då. Ei anna tilknyting til Nordfjord finn vi gjennom morfaren biskop Neumann, som i si tid fekk fram att i dagen alterfrontalet i Nedstryn kyrkje og fekk det plassert på Bergens Museum.

Kom for seint


Det kan sjå ut til at Neumann Hammer kom for seint til Utvik. Åra mellom 1860 og 1880 vart nemleg vanskelege for dei gamle landhandlarane innover i Nordfjord. Det vart skipa handelsforeiningar, eigd av bøndene, og desse gjekk i direkte konkurranse med dei gamle og einerådande handelsmennene.

Handelskrigen gjorde at nokon måtte gje seg, og det vart i mange tilfelle den gamle landhandlarstanden. Såleis vart det også i Utvik, der Neumann Hammer til slutt såg seg nøydd til å annonsere verksemda si til sals. Jakob Aaland skriv også i bygdeboka for Innvik og Stryn, at vegen mellom Breim og Sandane gjorde at breimingar og jølstringar no søkte til Sandane i staden for Utvik.

Det blir også nemnt at dei mange nye hotella langs turistrutene gjorde det vanskelegare å drive gjestgjeveri i Utvik. Året før Hammer gav opp, døydde svigermora Margrete Katrine Osenbruch etter å ha budd ei tid i Utvik. Ho vart gravlagd der.


Annonsa i Verdens Gang der Jakob Neumann Hammer legg eigedomen i Utvik ut for sal.

Omfattande verksemd


Av annonsen han sette inn i Verdens Gang då han skulle selje verksemda, går det fram at Jakob Neumann Hammer dreiv med litt av kvart i Utvik. For utan butikk hadde han også bakeri, bryggjeri, sagbruk og gjestgjeveri. Eigedomen omfatta fleire bygningar, til saman var der 14 soverom, 12 av dei «varme» som det står i annonsen. Det høyrde også til eit mindre gardsbruk der han fødde to-tre kyr.

Alt saman var til sals «på lempelige Betingelser, naar Handel kan ske snart». Og handel vart det i og med at heile stasen vart seld til Johan J. Loen i 1878 for den nette sum av 18 000 kroner. Loen bygde etter kvart dampskipskai og Brittania hotell, og han klarte seg rimeleg bra i Utvik. Dette gjorde han sjølv om mange meinte han hadde betalt for mykje for eigedomen til Neumann Hammer.
Over fjellet

Mannen som selde seg ut i Utvik, var etter ei tid klar for nye eventyr, og han tok vegen over fjellet til Reed. Der hadde brørne Elias og Lars J. Reed drive hotell ei tid. Det starta med at Lars først bygde hotellet Victory kring 1880, og etter ei tid overlèt det til broren Elias. Han bygde like godt eit nytt hotell som sto ferdig i 1884, og som fekk namnet Gordon.

Omtrent på same tid kom Jakob Neumann Hammer til Reed og Rebakken, der han sette opp eit nytt hotell som sto ferdig ca. 1885. Hotellet fekk namnet Viktoria, ikkje så ulikt namnet på det første hotellet på Rebakken. Hammer sette også inn ein båt til å frakte folk mellom Førde i Breim og Reed, ein båt som fekk namnet Victory, prikk likt namnet på det første hotellet. Eigaren av Hotell Gordon svara med å setje inn ein annan båt med namnet Gordon. Dermed var det full krig både til lands og til sjøs, på Reed og Breimsvatnet.

Dette kunne sjølvsagt ikkje gå i lengda. Det var på ingen måte grunnlag for to hotell på Reed, og det låg i korta at den eine måtte gje seg. Det vart nykommaren som måtte gje tapt, og på slutten av 1880-talet var det slutt. Hotell Victoria vart nokre år seinare, i 1899, seld og flytta til Sandane. Men då hadde Jakob Neumann Hammer for lengst reist frå landet, men først etter å ha prøvd seg på nye forretningseventyr.

Til Skei


Etter fiaskoen på Reed såg han mot Skei og ei gryande turistnæring ved Jølstravatnet. På Skei hadde Tollef Skrede bygd Hotel Skei i 1889, og året etter sto Nilsens hotell ferdig på Vassenden. Ein skulle såleis tru at hotellkapasiteten med dette skulle vere god nok i Jølster, men Jakob Neumann Hammer meinte noko anna. Han bygde like godt eit nytt hotell på Skei, ein kilometer vest for det andre. Hotellet fekk namnet Stanley, sto ferdig i 1890 og skulle altså konkurrere med Hotel Skei om det som måtte finnast av reisande på den tida.


Hotel Stanley på Skei slik det sto omtrent der Haugen camping ligg i dag. (Foto: K. Knudsen)

For å finansiere hotellbygginga på Skei lånte han pengar i Gloppen Sparebank, i seg sjølv ikkje spesielt merkeleg. Det som var merkeleg, var at han fekk med seg konkurrenten på Reed, Elias J. Reed, på den nye hotellsatsinga. Kva grunnen til det kunne vere, er vanskeleg å sjå, men kanskje såg dei det slik at det var betre å samarbeide enn å konkurrere. Men før Hotel Stanley sto klart, var finansakrobaten frå Utvik endå ein gong innblanda i spetakkel.

Tomtestrid på Skei


No handla det om tomt til det nye hotelleventyret Jakob Neumann Hammer emna på. Han gjekk først inn i ei intensjonsavtale med Moses J. Fugle (f. 1850) om å leige tomt på hans eigedom, like inn til Hotel Skei. Det er lite grunn til å tru at Tollef Skrede helsa ei hotellsatsing nærast i sin eigen hage velkomen, og det kan vel vere grunn til å tru at eit visst press gjorde til at Moses Fugle gjekk frå avtala med den nye hotellgründaren. Tollef Skrede tok dermed første stikk i denne kampen, og Hammer fekk seg tomt på Fuglehaug, ein km vest for Skei, der Hotel Stanley kom opp.

Hotellbygginga vart altså finansiert av Gloppen Sparebank, men banken lånte ikkje ut dei 6000 kronene det var snakk om utan garanti. Dei som stilte opp som kausjonistar var bønder frå Gåsemyr, Egge og Strand i Breim. Dei seks kausjonistane som stilte opp, var Lars Rasmussen Gåsemyr, Rasmus Larsson Gåsemyr, Andres Aasen Gåsemyr, Erik Christensen Gåsemyr, Thor Olson Egge og Peder Larsson Strand. Kvifor akkurat desse tok sjansen på å garantere for ei så pass dristig investering, er uvisst, men dei gjorde det.

Påstand om bedrageri


Jakob Neumann Hammer var ikkje den som tok eit nei for eit nei, og saka om tomta han ville bygsle av Moses J. Fugle hamna i retten med påstand om at han hadde ei rettsgyldig avtale med Fugle. Både Moses J. Fugle og Tollef Skrede vart stemna inn, og det vart hevda at Hammer var utsett for kontraktsbrot og endåtil bedrageri, og han kravde erstatning. I rettsreferata kjem det fram mange interessante ting frå denne saka der det vart levert melding til lensmannen i Jølster i 1889, og der saka gjekk, med utsetjing etter utsetjing, frå januar 1891 til september 1894.

Det saka eigentleg handla om, var kor vidt Moses Fugle og Jakob Neuman Hammer hadde ei avtale om hotelltomt eller ikkje. Hammer hevda hardnakka at dei hadde ei munnleg avtale om bygsling av tomt, medan Fugle hevda at avtala handla om at han skulle ta seg av oppføring av grunnmuren i tilfelle dei kom til avtale om tomt. Fugle hadde bedd om tenkjetid etter eit møte dei to hadde på Skei for å diskutere dette med bygsling. Avtala var at dei to skulle møtast på Reed, der Hammer budde, Kyndelsmessedag, ei veke seinare. Moses Fugle møtte på Reed til avtala tid, men måtte fortelje Hammer at det ikkje ville bli noko av bygslinga. Dermed var spetakkelet i gang.

Rådgjevar


Når vi les rettsreferata og innlegga til dei to sakførarane, er det mykje interessant å finne. Mellom anna blir det ikkje lagt skjul på av Fugle og Skrede sin sakførar, Ö Dösen frå Florø, at Tollef Skrede hadde ei rolle i dette spelet, som rådgjevar, som det står.

Som sagt tidlegare, var det vel ikkje så rart at Skrede motarbeidde denne hotelletableringa. Av rettsreferata går det også fram at han hadde ein gammal avtale om kjøp av dette arealet som Hammer tilbaud seg å leige for 50 kroner året. Frå eit innlegg frå sakførar Dösen saksar vi følgjande:

– Citantens (Jakob N. Hammer) tale om Tollef G. Skrede paavirkning af Moses Fugle er vel temmelig overflødig. At man giver en voksen mand raad, kan vel ikke paaføre raadgiveren retslige følger, endnu mindre i dette tilfellet, da raadet eller bebreidelsen var knyttet til paamindelsen om de eldre løfter om salg av omhandlede tomt til Tollef G. Skrede.

I september 1894 kom dommen der Moses J. Fugle og Tollef G. Skrede vart frikjende for påstandane om kontraktsbrot og bedrageri. Då hadde Jakob Neumann vore konkurs i tre år og var reist til Amerika for eitt år sidan.


Etter konkursen kjøpte Tollef Skrede Hotel Stanley. Han reiv det og sette det opp att som tilbygg til sitt eige Hotel Skei. (Foto: Axel Lindahl)

Sjøslag


Men tilbake til hotellsatsinga på Skei. I 1891 kom dampbåten D/S Skjold i drift på Jølstravatnet, etter initiativ av dei to hotelleigarane på Skei og Vassenden. Hotelleigar Tollef Skrede på Skei var også ein av dei største aksjonærane i selskapet som vart skipa for å kjøpe og drive båten. Den tredje hotelleigaren i Jølster, Jakob Neumann Hammer, vart halden utanfor dette reiarlaget, men hadde på ingen måtar tenkt å halde seg unna skipsfarten på Jølstravatnet. Han kjøpte motorbåten «Kvikk», som vart sett i drift i direkte konkurranse med Skjold.

Både hotellet og båten var sjølvsagt total galskap, og det heile enda som det måtte, med snarleg konkurs. Hotellet kjøpte Tollef Skrede. Han reiv det og bygde det til sitt eige hotell. Dermed fekk han dobla sengekapasiteten og var kvitt ein konkurrent. Båten «Kvikk» hamna etter ei tid i Lodalen, der han gjekk i turisttrafikk på vatnet nokre år. Korleis det gjekk med kausjonistane i Breim, seier soga ingen ting om, men banken fekk vel dekka det meste av lånet ved salet av Hotell Stanley til Tollef Skrede. Vi har spurt Jon Skrede om han veit noko om prisen bestefaren måtte betale for hotellet, men det gjer han ikkje.

Frå hotell til øl


Sjølv etter to havarerte hotellprosjekt var ikkje viljen til å drive forretning borte frå Jakob Neuman Hammer. Etter fiaskoen på Skei reiste han til Bergen og starta, av alle ting, eit bryggjeri. Han tok med seg ein kar frå Breim, Nils Jordanger, som var rekna for å vere ein dugande ølbryggjar. Men heller ikkje dette gjekk som planlagt, og då har han truleg innsett at Noreg var for lite for ein av hans kaliber. 27. mars 1893 finn vi Jakob Neumann Hammer, kona Antonette Mathilde og sonen Jakob jr. innskrivne i utvandrarprotokollane til Bergen hamn. Sonen Jakob var då 21 år og bakarlærling. Vi finn han i folketeljinga for Bergen i 1891, der det også står at han var fødd i Utvik i 1872. Ekteparet Neumann Hammer var då nær 60 år gamle, og noteringane i utvandrarprotokollen til USA er det siste sporet etter dei.

Men der er også ting i denne protokollen som verkar merkeleg. Det står at dei skulle reise med reiarlaget Thingvalla, men søk på dette selskapet syner at dei aldri hadde avgangar frå Bergen, berre frå Christiania og Christiansand. På ei norsk slektsside drifta av ein kar med namn Iver Neumann står det at dei reiste med båten Island, eitt av Thingvalla sine skip. Men trioen frå Bergen er ikkje å finne i immigrasjonslistene frå dette skipet til Ellis Island i New York. Men det kan kanskje forklarast med at dei har reist på 1. eller 2. klasse, noko som fritok dei for registrering på Ellis Island.

Kom ikkje tilbake


Kva som skjedde med hotellmannen i USA, er ikkje godt å vite, men Jakob Aaland skriv i bygdeboka for Stryn og Innvik at han døydde i USA. Det har ikkje vore råd å finne ut kva han sysla med etter at han fòr over Atlanteren, men eitt er sikkert; Jakob Neumann Hammer var eit merkeleg innslag i næringslivshistoria. Han var nok ein kar med pågangsmot og visjonar, men det kan vel spørjast om forretningssansen var like god. Dei to hotelleventyra på Reed og Skei vitnar i alle fall ikkje om det.

Ved inngangen til ein ny turistsesong kan det vere greitt å minne om at det å drive med turisme ikkje var enkelt i gamle dagar heller. Og det var heller ikkje snakk om å få godkjenning som typisk turiststad på den tida hotelleigarane kjempa om kundane på Reed og Skei.


Viktoria hotell vart flytta til Sandane og er i dag bustadhus. Bortsett frå at balkongen er fjerna, står bygget som det gjorde på Reed.

Kjelder:
Åland, Jakob: Bygdebok for Innvik og Stryn.
Sandal, Per: Bygdebok for Breim.
Klakegg A. O.: Bygdebok for Jølster.
Annonse i avisa Verdens Gang.
Digitalarkivet.no: Kyrkjebøker for Innvik, folketeljing for Bergen 1891.
Dvergsdal, Hallstein: Kjøsnesbrua og Fjordavegen, ei samferdelssoge (2011).
Rettsprotokoll frå rettssaka mellom Hammer, Fugle og Skrede.
Kausjonsbrev som syner kausjonistane i Breim.
Nokre munnlege overleveringar.





Fekk du med deg: Hotellet på Egge – eit viktig knutepunkt. 17. mars 2018

Tidlegare saker frå arkivet:
Frå mars:
Hugo Mowinckel – verdsmannen på Holvikgård. 10. mars 2018
Øyna – den siste grøne sentrumslunga. 3. mars 2018

Frå februar
Blei tvangsevakuerte frå Finnmark – fann hjarterom og husly i Bukta. 24. februar 2018
Rømde frå tysk tukthusstraff – enda i alliert konvoifart. 17. februar 2018
«Eit spesielt hundreårsminne». 10. februar 2018
«Skora – husmannsplassen like ved Sandane sentrum». 3. februar 2018

Frå januar
«Tusenkunstnaren John N. Svidal». 27. januar 2018

Frå 2017
«Riset – det vesle bruket med den sterke historia». 15. desember 2017