Illustrasjonfoto.

Bil utfor vegen

Litt over klokka åtte køryde ein bil av vegen på fv 451, på sørsida av Jølstravatnet.

Bilen hamna i grøfta og fekk skade på eit hjul. Føraren melde sjølv om uhellet og har tinga redning. Det er passasje på staden og varseltrekant satt ut, melder politiet. Dei legg til at det ikkje er utrykking til staden, at føraren klarar seg sjølv og at det er liten trafikk på vegen.

• • •

Sjåføren i ein kranbil vart frakta til sentralsjukehuset i Førde etter at han vart sittande fastklemd etter ei trafikkulukke på E39 ved Håheim i Jølster tysdag kveld. Det var uklart kva skader mannen hadde fått, men han var medviten.

Det var ein kranbilen og ein trailer som hadde støytt saman. Føraren av traileren vart sjekka av amulansepersonell og dimmitert på staden. Vegen var strengt ein periode, men eit par timar seinare var det mogleg å passere og køane avvikla.

• • •

I morgontimane måtte ein trailer ha hjelp i bakkane vest for brua over Songdalelvi ved Tylda. Bilen skal ha stått delvis inn i motgåande køyrefelt. Politiet kunne slå fast at den utanlandske traileren hadde øydelagt alle kjettingane, og rekvirerte bergingsbil.