Bygger'n Sandane på Øyrane.

Best på service i Bygger’n

– Dette betyr mykje for oss, smiler dagleg leiar Jarle Løken i Bygger’n Sandane etter at verksemda gjekk heilt til topps i landsomfattande servicekåring.

Til liks med mange andre kjeder innan varehandelen, har byggevarekjeda Bygger’n interne kåringar for å finne ut kven som yter den beste servicen til kundane. Butikken på Sandane gjekk like godt heilt til topps i kåringa, saman med Bygger’n Evje.

– Alle skal nyte godt av dette på eitt eller anna vis. Med kåringa følgjer ei pengegåve på 10.000 kroner som skal gå til dei tilsette, seier Jarle Løken og legg til at verksemda har sju fast tilsette pluss ei laurdagshjelp.

Grunnlaget for kåringa er ”tilfeldige” besøk av kundar utsende av kjeda. Både Bygger’n Sandane og Bygger’n Evje oppnådde eitt hundre prosent score på alle målingane.

– Bygger’n har eit slagord som seier ”du kan stole på fagfolk”. Denne kåringa viser at Bygger’n Sandane har fagfolk og at kundane er nøgde med oss, seier ein sjølvsagt svært nøgd dagleg leiar.

Les meir i papirutgåva fredag.