Vestlandsvinnarane kunne sleppe jubelen laus i går kveld. Finalistene fra EOY Vest: F.v.: Prisutdeler - varaordfører i Bergen - Marita Moltu, Jesper Melin Ganc-Petersen, Olav Rune Øverland, Tor Sydnes og Ina Rosenberg (EY). Foto: Bård Gudim

Best i vekst i vest

Sandane-bedrift kåra til fremste vekstskapar på Vestlandet.
I fjor vart Brødrene Aa kåra som best i vest i EY si årlege kåring av beste vekstselskap her i landet. I år gjentek ei Gloppen-bedrift den fantastiske prestasjonen. No handlar det om Helseinnovasjon-konsernet på Sandane, som har fleire av Melin-selskapa som dotterselskap. Kåringa på Vestlandet fann stad i går kveld i Bergen.
Her var det Gabler frå Bergen og Helseinnovasjon-konsernet frå Sandane som vart kåra til dei fremste vekstskaparane i vest.
Tor Sydnes og Olav Rune Øverland frå Gabler og Jesper Melin Ganc-Petersen i Helseinnovasjon-konsernet er såleis regionens representanter som går vidare til den nasjonale finalen av verdas største vekstskaparprogram, EY Entrepreneur Of The Year.

EY (Ernst & Young) gjennomgår kvart år samtlege norske aksjeselskap i jakta på Noregs beste vekstskapar. Etter regionsfinalen i Bergen torsdag er to kandidatar klare for nasjonal finale. Til saman går tolv av dei aller beste kandidatane i landet vidare til den nasjonale finalen i Oslo tysdag 29. november. Den nasjonale vinnaren representerer deretter Noreg på den internasjonale finalen i Monaco sommaren 2017. Der skal det kårast ein internasjonal vinnar blant dei fremste vekstskaparane frå over 60 nasjonar.

– Vi ønskjer å framheve og inspirere personar som utstyrt med ein forretningsidé satsar kapital og karriere på å skape varige verdiar og arbeidsplassar heile samfunnet har nytte av, seier Ina K. Rosenberg, ansvarleg for EY Entrepreneur Of The Year (EOY) i Region Vest; Hordaland og Sogn og Fjordane.

EY fann i alt 377 aktuelle selskap som tilfredsstilte kriteriane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Leiarane for åtte av desse blei nominert til regionsfinalen i vest, som fann stad på Quality Hotel Edvard Grieg i Bergen torsdag. Den uavhengige juryen som plukka ut dei to nasjonale finalistane var Åse Aulie Michelet, Hilde Midthjell, Harald Tyrdal, Trond Solberg og Harald Norvik.

Gabler er Norges leiande kompetansebedrift innan pensjon, investeringar og forsikringsmekling. Blant selskapets kundar er nærmare 60 pensjonskasser, fleire av Noregs største finansinstitusjonar, kommunar, energiselskap og stiftingar.
Gabler har i dag nær 28 milliardar i investeringar direkte hos kapitalforvaltarane globalt, og meir enn 70 milliardar som dei overvåkar og følgjer opp for kundar.

Helseinnovasjon-konsernet: Melin Holding AS er eit av eigarselskapa til Helseinnovasjon AS som gjennom dotterselskapa Melin Medical, Melin Collectors og PasientSky leverer administrasjons- og betalingsløysingar og utviklar tenesteløysingar til helsesektoren. Melin Medical blei etablert av marinejeger, offiser og allmennlege Jesper Melin Ganc-Petersen. Verksemda sprang ut av ein idé om å la pasienten ta meir ansvar for eigen administrasjon. Selskapet leverer tenester til 85 % av landets legekontor og legevakter. På landsbasis handterer dei 50 000 pasienter dagleg, og over 12 millionar pasientar i året.

– Dette er femtande året på rad vi kårer den aller beste vekstskaparen. Noreg treng folk som dette for å skape eit levedyktig og lønsamt arbeidsliv. Med EY Entrepreneur Of The Year ønskjer vi å løfte fram desse kvardagsheltane, som ofte legg inn uvanleg mykje arbeid for å skape uvanlege resultat, seier Rosenberg.