Home   >   Nyhende   >   Ber fylkestinget handsame samanslåinga med Hordaland på nytt

KrF i Gloppen ved gruppeleiar Svein-Ottar Sandal (t.h.) er på kollisjonskurs med fylkestinggruppa om samanslåing med Hordaland. Saman med Sp har KrF utarbeidd ei fråsegn som kommunestyret skal handsame måndag. I fråsegna ber Gloppen om at fylkestinget handsamar samanslåingsvedtaket på nytt.

Ber fylkestinget handsame samanslåinga med Hordaland på nytt

Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti i Gloppen står bak ei felles fråsegn til fylkestinget om å handsame samanlåingsvedtaket med Hordaland på nytt. Måndag skal fråsegna handsamast som ekstrasak i Gloppen kommunestyre.

Under handsaminga av regionreforma i fylkestinget i desember var det fleirtal for å legge ned Sogn og Fjordane som eige fylke og slå seg saman med Hordaland. Både Arbeidarpartiet og KrF tilhøyrde fleirtalet.

Fleire vilkår

Vedtaket bygde på at fleire vilkår måtte oppfyllast, m.a. at eigerskapen til SFE skulle sikrast, at regionen skulle få tilført nye oppgåver, og at regionreforma på landsbasis vart noko meir enn eit par tre samanslåingar. Ikkje noko av dette er oppfylt så langt.

Både Arbeidarpartiet og KrF tilhøyrde fleirtalet i fylkestinget, men i ettertid er det klart at det no er eit klart fleirtal i Ap-gruppa for å omgjere vedtaket. Eitt av unntaka er fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. KrF står også fast på samanslåingsvedtaket i følgje Trude Brosvik i Firda.

Kollisjonskurs

Derfor er det interessant at KrF-gruppa i Gloppen kommunestyre, den største partigruppa KrF har i nokon kommune, er på klar kollisjonskurs med fylkestinggruppa.

Dette er uttalen kommunestyret skal handsame måndag:

Gloppen kommunestyre ​ser med uro på den vidare framdrifta kring fylkessamanslåinga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane, der eigarskap til viktige verdiar og arbeidsplassar knytt til SFE ikkje er avklart.

Gloppen kommune er særleg oppteken av det som skjer rundt eigarskapen i SFE.  Før samanslåingsvedtaket vart gjort i fylkestinget i februar 2017, vart det også framheva at det var ein klar føresetnad at ein skulle finne ei avklaring på eigarskapen i SFE.  Gloppen kommune ser ikkje at ein er komne så mykje lenger i den avklaringa.  Prosessen med ei samanslåing til eit felles produksjonsselskap held fram, og eigarskapen til fylket vert endå meir utvatna.  Med eit felles produksjonsselskap forsvinn kontrollen med vasskraftressursane, arbeidsplassane og kompetansen ut av Sogn og Fjordane.

Store verdiar

Kommunestyret i Gloppen er klar over at det er utfordringar knytt til å få ei utgreiing som gjev svar på alle spørsmål.  Kommunestyret vil likevel peike på at verdien av SFE, kompetansen og kraftressursane i fylket, er berekna til rundt 6 mrd kroner.  Dette er våre felles verdiar med fornybar energi som er bygd opp i Sogn og Fjordane gjennom generasjonar.  Med så store felles verdiar krev det eit avgjerdsgrunnlag som er klårare enn det som ligg på bordet i dag.  Berre på den måten kan dei folkevalde gjere gode vedtak som tener innbyggjarane i Sogn og Fjordane best mogleg.

Kommunestyret i Gloppen ber om at Fylkestinget i Sogn og Fjordane handsamar samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane på nytt på sitt møte i oktober.  Gloppen kommune legg til grunn at ei avklaring rundt eigarskapen i Sogn og Fjordane Energi er på plass før ein eventuelt går vidare med samanslåingsprosessen.