Good Time Charlie spelar gratiskonsert for born i Kultursalen i Trivselshagen fredag om ei veke. Bandet gav ut barneplata ”Draumeblues og blåsus” i fjor, med mellom anna allsonglåtar og låtar i tradisjonen ”call and response” – syng og få svar. Konserten er eit samarbeid mellom Fjordblues, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Rikskonsertane (Foto frå Fjordblues).

Ber borna med på blues

– Vi har lyst til å ha eit breiare tilbod til publikum. Vi fekk sjansen til å ha ein barnekonsert og då gjorde vi det, fortel Peter Holvik Lothe i Fjæra Bluesklubb.
Det er første gong ein konsert for born er del av programmet til Fjordblues når arrangørane neste fredag inviterer til konsert med Good Time Charlie i Trivselshagen.
Overraskingar
– Det er eit velkjent bluesband her frå fylket. Dei er òg eitt av landets eldste bluesband, fortel Lothe om bandet frå Førde.
Good Time Charlie gav i fjor ut barneplata ”Draumeblues og blåsus” til gode meldingar hos mellom andre Aftenposten, Bluesnews og Bergensavisen.
– Den har dei turnert med og fått god respons. Det er songar derfrå dei skal spele på konserten. Det er kjende blueslåtar med norske tekstar som passar for born, fortel Lothe.

Les heile saka i papirutgåva fredag.