Home   >   Nyhende   >   BBIL/STIL blir til STIL/BBIL

Det blir damefotballag i Gloppen også komande sesong. Julie Kandal (t.v.) og dei andre spelarane får ny trenar og nytt støtteapparat, og namnet på laget blir omsnudd i høve til tidlegare.

BBIL/STIL blir til STIL/BBIL

Sandane turn- og idrettslag får ansvar for det organisatoriske, Jan Asle Rustøen blir ny trenar og namnet blir endra til Sandane/Breimsbygda.

Dette er kort oppsummert endringane i damefotballen i Gloppen før 2017-sesongen. Samarbeidet mellom Breimsbygda IL og Sandane turn- og idrettslag held altså fram, men sandensarane tek over drifta av laget etter at dette så langt har lege hjå Breimsbygda IL.

Tenkte lenge

– Eg fekk førespurnaden før jul og tenkte lenge og mykje, både tids- og kompetansemessig, før eg takka ja, seier Jan Asle Rustøen.

Ei av døtrene hans spelar på laget, ei anna er på veg inn, etter kvart kanskje også nummer tre.

– Det var dette som gjorde at eg tok på meg trenaransvaret, fortel han og legg til at han har avgrensa erfaring som fotballtrenar:

– Eg har vore innom aldersfastlagde klassar. Elles har eg vore handballtrenar i fem år, eg dreg ganske mange parallellar der. Som fotballspelar var eg aktiv på krinsnivå til eg var 16 år. Seinare spelte eg nokre år for Olden, Loen og Vikane.

Med seg som oppmann får han Wenche Håvik, som har hatt tilsvarande rolle knytt til aldersfastlagde lag i STIL i fleire år. Resten av støtteapparatet er ikkje på plass enno, men trenaren legg opp til å samarbeide med herrelagstrenar Torbjørn Gran og Margot Nesgård som trenar U17-jentene. Magne Larsen drog i gang treningane før jul og blir i alle fall med i ein overgangsperiode framover.

Les meir i papirutgåva onsdag.