Lise Margrethe Rinde frå Åsane/Hordvik sk.lag sletta Rune Seim sin ferske banerekord frå fredag. Rinde hadde same poengsum som Seim, men fleire innertiarar.

Banerekorden i Jølster vart ikkje gammal

Søndag var siste dag av Frydenbø cupen som har gått av stabelen på banene til Førde, Florø, Holsen, Gaular og Jølster denne veka.

Det var gode resultat på fleire baner, og i Jølster vart banerekorden på 200 m flytta tre gonger. I siste lag søndag skaut Lise Margrethe Rinde Åsane/Hordvik sk.lag i Hordaland 347 med 22 innertiarar.

 

Små marginar

Dermed vart Rune Seim, Seim sk.lag, sin ferske rekord frå fredag sletta grunna fleire innertiarar. Rinde vann også cupen samanlagt etter svært sterk skyting også på dei andre banene.

- Veldig fin bane, var kommentaren frå den ferske banerekordhaldaren som var hårfint unna 348. Ein 9.9 på omgangen hindra poenget som hadde flytta rekorden eit hakk lenger. Det var stilt ein del forventningar til hyarane, men dei innfridde ikkje heilt. Bertil Odne Mjellem vart best av dei med 343, noko han ganske sikkert ikkje var nøgd med. Den gamle banerekordhaldaren, Ole Arild Aa, skaut seg vel regelrett vekk med 335.

Toralf Årdal frå Jølster fekk 349 på 100 m, V-73 og andre plass i Jølster. Årdal tok også andreplassen samanlagt.



 

Medan folk venta, kunne dei enten følgje med på det som gjekk føre seg på standplass, eller ta seg ein matbit.