Avsluttar med heimekampar

STIL tek imot Skavøypoll på Idrettsplassen. Dei to laga ligg á poeng på tabellen, og polljarane har ofte vore ein vanskeleg motstandar for dei blåkledde. Det motsette oppgjeret i vår enda 2-0 til laget frå Vågsøy, men Jan Ove Ødven sine disiplar leverte ein svært god kamp borte mot Høyang sist, så vi satsar på at forma er bra og at alle poenga blir att på Sandane.

Jølster rykte ned til 5. divisjon etter tapet mot serieleiar Eid sist helg. Kampen mot botnlaget Balestrand er dermed berre av akademisk interesse, men vi reknar med jølstringane sikrar seg tre poeng og går ned med flagget til topps.