Home   >   Fylket   >   Ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum

Susanne H.G. Poulsson er tilsett som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand.

Ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum

Susanne H.G. Poulsson er tilsett som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Poulsson tek til i jobben 15.februar.

Susanne H.G. Poulsson har tidlegare vore tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen Kristiania og på Handelshøgskulen BI i Oslo, der ho har vore forskar og forelesar på fagområder som reiseliv, attraksjonsutvikling, kultur og opplevingsøkonomi.

– Vi i Musea i Sogn og Fjordane er særs godt nøgd med tilsettinga av Susanne H.G. Poulsson som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum. Ho har ein spanande og solid bakgrunn som vil vere viktig for utviklinga av reiselivsmuseet framover. Poulsson blir også ein viktig ressurs for heile det konsoliderte museet vårt. Vi gler oss til ho kjem, slår administrerande direktør Kjartan Aa Berge fast.

Poulsson har i tillegg til si akademiske karriere jobba med utvikling av utstillingar og ei rekke andre prosjekt innafor kultur og reiseliv sidan tidleg på 90-talet. Hun har drive sitt eige firma innan rådgjeving, konsept- og kompetanseutvikling på feltet.

Ho er utdanna Cand.mag. (psykologi/filosofi) frå Universitetet i Oslo, og har en MBA (Master ofr Business Administration) frå Bond University i Australia, samt en doktorgrad frå Handelshøgskulen BI på tema opplevingsøkonomi.

Ho er også oppteken av at musea kan skape levande og engasjerande møteplassar mellom menneske og kunnskap. Ho ynskjer at besøkande ved Norsk Reiselivsmuseum skal kunne oppdage meir av det fantastiske som var, og er knytt til det å reise og oppleve Noreg.

Susanne H.G. Poulsson kjem frå Nesodden utanfor Oslo. Ho er reiseglad, og har budd fleire år i utlandet, og det på hele fem ulike kontinent. No ser ho fram til å gjere seg kjend med Balestrand og å få oppleve meir av det vakre Sogn og Fjordane.