Home   >   Nyhende   >   Auka satsing for å få kulturinteresserte turistar til Noreg

Kulturminister Trine Skei Grande og reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Bente Bratland Holm. Foto: Innovasjon Norge.

Auka satsing for å få kulturinteresserte turistar til Noreg

Regjeringa løyver tre millionar kroner til ein nasjonal konkurranse som skal løfte fram kunst og kultur i det internasjonale profileringsarbeidet av Noreg som reisemål.

– Vi er gode på å profilere Noreg som naturdestinasjon. Det skal vi sjølvsagt halde fram med, men vi må bli flinkare til å fortelje om dei mange andre grunnane til å besøkje Noreg, i tillegg til fjord, fjell og nordlys, seier kulturminister Trine Skei Grande.

No lanserer ho og reiselivsdirektøren i Innovasjon Noreg, Bente Bratland Holm, konkurransen på tre millionar kroner som skal bidra til internasjonal profilering av landet vårt som kunst- og kulturdestinasjon.

– Noreg har mykje å tilby den kulturinteresserte turisten, men i dag er delar av det breie og mangfaldige kulturtilbodet bortgøymde skattar. Vi ønskjer å mobilisere sektoren sjølv til å fortelje historiene om Noreg som kulturdestinasjon. Derfor har vi gitt Innovasjon Noreg i oppdrag å lyse ut ein nasjonal konkurranse, seier Skei Grande.

– Oppdraget markerer starten på eit tettare samarbeid mellom kulturell og kreativ næring og reiselivet. Saman skal vi gjere Noreg til eit endå meir attraktivt reisemål, og på den måten styrkje næringsgrunnlaget for alle næringane, seier Bente Bratland Holm.

Midlane vert lyste ut 20. april gjennom Innovasjon Noreg. Aktuelle søkjarar er bedrifter frå kulturell og kreativ næring, og det er ein fordel om prosjekta vert gjort i samarbeid med reiselivsnæringa, kunst- og kulturinstitusjonar. Prosjekta vil vere del av Noregs representasjon som hovudland på bokmessa i Frankfurt i 2019. (©NPK)