Dette biletet av Astruptunet på 10x25 meter skal friste fotografar både i lufta og på bakken unde Tour des Fjords.

Astruptunet i storformat

Musea i Sogn og Fjordane vil bruke «Tour des Fjords» til å skape blest om Astruptunet, og har sørga for å vise tunet i storformat i nærleiken av Skei.

Når rittet nærmar seg Jølstravatnet, vil forbipasserande sjå eit stort bilde av Astruptunet teke av fotograf Espen Mills. Dimensjonane på biletet er heile storleiken er på 10x25 meter.

– Vi har fått med oss mange aktørar her, mellom anne fylkeskommune, Jølster Næringsforum og Jølster kommune, og det er vi særs glade for, seier marknadskonsulent i Musea i Sogn og Fjordane Torunn Skarstad. 

Skal friste fotografar
I samband med Tour des Fjords har Sunnfjord Utvikling arbeidd aktivt for å skape ein stor folkefest på Jølster, og Musea i Sogn og Fjordane har samarbeidd med Sunnfjord Utvikling og Bjørg Kjos-Wenjum for å få til dette.

– Dette er noko vi håpar skaper merksemd også for dei som skal filme rittet frå lufta. Vi har satt ramme på biletet, for og skape interesse for fotopunkta rundt Jølstravatnet, fortel Skarstad. 

– Det er naturleg å sette søkelys på Nikolai Astrup i Jølster på ein slik dag, sidan han er den mest kjende kunstnaren frå kommunen. Vi håper at tiltaket vil medføre at enda fleire får augene opp for Astruptunet, og legg turen til Jølster. Hagen i Astruptunet og naturen i Jølster var ei viktig inspirasjonskjelde for kunsten til Astrup. Besøkande vil difor kjenne igjen mange av motiva ved eit besøk i området, seier ho.

Vil utnytte Astrup-effekt
Etter at Nikolai Astrup vart lansert internasjonalt i 2016, har Musea i Sogn og Fjordane merka auka interesse for Astruptunet både nasjonalt og internasjonalt. Dei vil no arbeide saman med NCE Tourism for å sjå korleis ein kan utnytte Astrup-effekten i tida framover.

Musea i Sogn og Fjordane har også sett fokus på å arbeide meir med aktivt sal, og deltok i april i år for fyrste gong på Norwegian Travel Workshop. Her hadde ein fokus på sal av alle våre museum, men vi merka auka interesse for Nikolai Astrup og Astruptunet.