Astrup begeistra på Høvikodden

 – Utstillinga har vore ein kjempesuksess og noko det har vore veldig kjekt å arbeide med, fortel Gunnhild Varvin, kommunikasjonssjef på Henie Onstad Kunstsenter.

I sommar har kunstsenteret på Høvikodden som kjent hatt Nikolai Astrup på programmet. Det har  fått fart på besøkstala til det flotte anlegget som måtte bygge om utstillingslokala for å ta i mot Astruputstillinga.

Rekordbesøk

– Så langt har vi hatt 42.000 besøkande, alt frå kinesarar til lokalt publikum, og vi vil nok passere 50.000 før vi er ferdige ellevte september. Så mange besøkande har vi aldri hatt sommarstid, fortel ein svært så nøgd kommunikasjonssjef. Utstillinga på Høvikodden vil såleis passere besøkstala i London med 10.000. Fredag for ei veke sidan var 500 inn om utstillinga og tysdag denne veka var andre opplag av utstillingskatalogen utseld.

– Kvifor er ikkje Astrup like berømt som Edvard Munch?, spurde The Guardian i vinter då utstillinga var i London.

Ukjende verk

– Eg trudde eg kjende til det meste av Nikolai Astrup sin kunst, men her var det faktisk fleire verk som eg ikkje visste om, sa Eivind Fossheim som var storleg imponert over utstillinga og måten den vart presentert på. Fossheim og Anne Marie Iansen driv galleriet på Jølstramuseet og sommarutstillinga der. Dei hadde nett avslutta sommarutstillinga då vi møtte dei på Høvikodden.

– Dette er mitt favoritt maleri, sa Anne Marie Iansen og peika på «Soleier og Regnbue» eit oljemåleri der Astrup har sett saman element frå andre måleri og tresnitt, og vi ser tema frå både «Soleienatt», «Marsmorgen» og «Vårnatt i hagen» med fleire.

Eivind Fossheim, på si side, likte best eit motiv frå Astruptunet og var imponert av dei friske og skarpe fargane i «Grovær» eitt av Astrup sine mange motiv frå Sandalsstrand.

– Imponerande kva han fekk til

Det vi merka når vi gjekk rundt mellom publikum var den nesten nasegruse undringa over produksjonen til Astrup, kor mykje han hadde skapt i sitt relativt korte liv. Mange var også imponerte over dei fantastiske fargane i bileta, noko som verkeleg kom til sin rett med den flotte lyssettinga i galleriet og fargane på veggane.

– Dette er rett og slett ei fantastisk utstilling, sa Andreas Faye frå Notodden. Han var på utstilling i lag med kona Liv, opphavleg frå Voss.

Begge hadde vore i Astruptunet for nokre år sidan og begge var opptekne av kunstnaren frå Jølster. Då vi møtte dei var i ferd med å studere eitt av dei monumentale verka til Astrup, nemleg «Priseld» Med sine nesten to og ein halv kvadratmeter var dette maleriet eitt av dei som merka seg ut og som mange brukte mykje tid på å studere.

– Det er flott, men favoritten min er likevel «Soleienatt», smilte Liv og gav uttrykk for at akkurat det kunne ho tenkt seg på veggen heime.

– Skulle eg rappe eitt, måtte det bli det, smilte ho.

.



 





 

Meir om Astruputstillinga i papiravisa fredag

- Fantastisk utstilling, tykte Liv og Andreas Faye frå Notodden. Her står dei framfor eitt av Astrup sine monumentale verk, "Priseld"
Anne Marie Iansen og Eivind Fossheim var imponerte av det dei fekk sjå på Høvikodden. Her framfor "Soleier og regnbue"
"Klar juninatt" er eit mektig måleri som imponerte mange.