Magne Hauge, lokalmatansvarleg hos Bakar Jon og Arne Brimi på matkurs på Brimibue i Lom. Foto: Hans Erik Kjosbakken.

Arne Brimi: – Eit stort løft for lokalmaten

Coop Vest er i gang med storstila lokalmatsatsing. Eigne lokalmatansvarlege skal saman med Arne Brimi sikre utval, inspirasjon og utvikling i heile regionen.

– Coop Vest ønskjer å vere ein aktiv samfunnsaktør og bidra til lokal verdiskaping. Ved å skape ein salsarena for lokal og kortreist mat, er Coop Vest med på å setje gode handverksprodukt med ei historie på kartet, seier marknadssjef Ronny Sørbotten.

– Brimi er den beste

Eit grep Coop Vest har gjort for å fremje lokalmat, er å utnemne eigne lokalmatansvarlege i alle Extra- og Coop Mega-butikkane til samyrkelaget. Dei lokalmatansvarlege var nyleg på mat- og inspirasjonskurs hos Arne Brimi i Lom.

– Det er svært spennande å vere ein del av Coop Vest si lokalmatsatsing. Identiteten vår heng nøye saman med at vi er ein del av noko, og det er viktig å ivareta dei lokale mattradisjonane. Å utnemne eigne lokalmatansvarlege i butikkane vil gi eit stort løft for lokalmaten, seier Arne Brimi.

Sørbotten er glad for å ha fått Brimi med på laget.

– Arne Brimi er den beste til å formidle norsk matkultur, og målet med reisa var å få innsikt i prosessar knytt til regelverk, utval, salskanalar og lokalmatsatsinga vår vidare, seier han.

– Kundane ønskjer meir lokalmat

Hos Bakar Jon er Magne Hauge utnemnd til lokalmatansvarleg. Han synest det er positivt at Coop Vest har lokalmat som satsingsområde.

– Vi får tilbakemeldingar frå kundane at dei ønskjer større utval og meir lokalmat i butikken. Når Coop Vest investerer i flotte lokalmatavdelingar, er det viktig at også vi tilsette får meir kunnskap om maten vi sel. På kurset med Brimi fekk eg mange gode idear eg kan ta ut i butikk, i tillegg til at eg fekk utveksla erfaringar med kollegaer. Det er gull verdt, seier Hauge.

Coop Vest har den siste tida utvida samarbeidet med fleire lokalmatleverandørar.

– Vi har samarbeid med vel 100 leverandører om ein tar med stort og smått, og vi har den siste tida jobba med å setje lokalmat endå meir på kartet som kvardagsmat. Derfor har Coop Vest utvida samarbeidet med blant andre Abbel tradisjonsmat og Solund mat om å produsere kortreiste produkt som ikkje berre kan nytast til fest, men også som lokalmat til kvardags. For at lokalmatsatsinga skal vere liv laga, må ein tilby lokalmat som kvardagsmat heile året, og ikkje berre til fest og høgtider. Dette har vi utfordra leverandørane våre på, og dei ser at dette er med på å skape eit stabilt grunnlag også for dei året gjennom, seier Sørbotten.

Magne Hauge gleder seg til å jobbe vidare med lokalmat hos Bakar Jon.

– Det er viktig å ta vare på den lokale smaken. Eg ønskjer å vere ein god ambassadør for dei dyktige lokale matprodusentane vi har her i fylket, og kunne hjelpe kundane våre med å velje lokale råvarer, seier han.