Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   Arne (77) gav 625.000 kroner

Arne (77) gav 625.000 kroner

Arne Sunde (77) frå Skei er mannen som gav den rause gåva som finansierte dei nye kyrkjevindauga med glasmåleri i koret i kyrkja på Helgheim. 

– Arne er ein beskjeden mann, og ville vere heime i dag. Men vi er utruleg takknemlege for denne generøse gåva. Utan den, så hadde vi ikkje kunne ha realisert dette på lang, lang tid, sa initiativtakar Jarle Helgheim under gudstenesta søndag.

Kyrkjelyden kvitterte med applaus for Sunde og alle som har brukt tid og krefter på prosjektet.

Les meir i papirutgåva tysdag.