Anette Støyva tok imot arbeidsmiljøprisen og tykte det var kjekt at Breim barnehage fekk han.

Arbeidsmiljøprisen til Breim barnehage

Dei tilsette har hatt fokus på at den nye barnehagen skulle bli minst like god som dei to mindre barnehagane var. Dette har vore ei god rettesnor å jobbe etter.

Trivsel og stoltheit
– Prosessen har vore utfordrande, men med bakgrunn i siste medarbeidarundersøking kan ein konkludere med at trivsel og stoltheit på arbeidsplassen er stor. Barnehagen har gjennomført ei rekkje tiltak som har medverka til å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø og har jobba systematisk med utvikling av HMS-arbeidet, sa ordførar Anders Ryssdal, då han delte ut arbeidsmiljøprisen framfor medlemmene i kommunestyret måndag.

Meir om arbeidsmiljøprisen i onsdagsavisa.