Home   >   Lokalt   >   Jølster   >   – Alt er klappa og klart

– Vi har eit stabilt publikum som stiller uansett vêr, men vêrmeldingane ser bra ut. Måtte det skje, seier Solrunn Dvergsdal før Din Jølsterdag 2017 startar i morgon.

– Alt er klappa og klart

– Vi har det meste under kontroll, smiler administrator for Din Jølsterdag, Solrunn Dvergsdal.

Etter eitt års pause gjer Din Jølsterdag comeback. I morgon startar ei helg med mykje moro og variert underhaldning på Skei.

Vilde og Anna

– Vi køyrer eit tradisjonelt opplegg. Talet utstillarar er omtrent som det brukar å vere, medan vi har nokre gamle og nokre nye aktivitetar, seier Solrunn Dvergsdal og nemner hesteskokonkurranse mellom nyvinningane dette året.

Det største trekkplasteret blir utan tvil Melodi Grand Prix Junior-duoen Vilde og Anna frå Nordfjordeid. Med songen «Vestlandet» gjekk dei heilt til topps i fjorårets konkurranse.

– Dei skal ha konsert frå scena laurdag ettermiddag, fortel Dvergsdal og legg til at det i år er skulemusikkane i kommunen som skal framføre Oddvar Torsheim-klassikaren «Jølsterdag» under opninga:

– Det blir det trykk i.

Ny plass til tivoliet

Som vanleg blir det underhaldning av Jølster kulturskule og Dans utan grenser, samt loppemarknad, LAN-party, helikopterflyging og tivoli.

– I år er tivoliet plassert på Firda Billag-tomta, der bussane står nedanfor Viken 2. Det er ikkje lenger plass på Esso-tomta som vi har brukt tidlegare. Helikopteret vil bruke plassen mellom Felleskjøpet og tivoliet som landingsplass, fortel administratoren.

Søndag opptrer Jølster sin eigen Gro Marie Svidal på scena i sentrum. Ho er mellom dei fremste utøvarane i landet på hardingfele, med siger i Landskappleiken på den fyldige CV-en.

Om ettermiddagen får Din Jølsterdag storfint besøk når biskop Halvor Nordhaug held familiegudsteneste i sentrum.