Aa så bra!

I dag skal vi rett og slett gratulere Brødrene Aa i Hyen med ei ny bragd.

Det har vorte mange av dei etterkvart, men det spørs om ikkje nyhendet vi kunne presentere onsdag tek kaka. I alle fall innleiar det ein ny epoke for dei svært dyktige båtbyggjarane.

– Vi tykkjer det er litt spesielt at Kina kjem til Noreg og oss for å kontrahere båtar, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa. Det har han sjølvsagt heilt rett i.

Han og staben hans i Hyen har all grunn til å feire og ikkje minst vere stolte av den jobben dei har gjort med å utvikle snøggbåtar som er verdsleiande, noko Kina-kontrakten også dokumenterer.

Les heile leiaren i papirutgåva fredag.