Home   >   Nyhende   >   Glopparane sa nei til Eid

Det vart NEI i Gloppen, med knapp margin. Det rådet vil ordførar Magni Aa Berge følgje.

Glopparane sa nei til Eid

Det var stor valdeltaking og svært jamt løp i Gloppen. I Eid er det klart fleirtal for samanslåing og klart lågare valdeltaking.

Litt over klokka 21.00 var det klart at valdeltakinga i Gloppen var 66,96 prosent og rundt klokka 22.15 var resultatet klart. 1555 røysta NEI. Det utgjer 50,82 prosent. 1443 røysta JA. Det utgjer 47,16 prosent, medan 62 røystesetlar var blanke. Skilnaden mellom NEI og JA er berre 112 røyster.

I alt 3060 røyster vart godkjende, og valdeltakinga vart 67 prosent.

Då førehandsrøystene var opptalde, leia JA-sida med 53,4 prosent. Under oppteljinga av røystene valdagen vart det etter kvart tydeleg at JA-forspranget krympa. Til slutt vart det klart at framanderøystene vart avgjerande. Det er røyster avgjevne i andre krinsar enn der vedkomande bur. Før oppteljinga av desse var det 1343 som hadde røysta JA og 1446 som hadde røysta NEI, med andre ord ein skilnad på berre 103 røyster, medan det var avgjeve 222 framanderøyster. Dessse måtte teljast og sjekkast ut.

– Vanskeleg
Så tett var det, og resultatet set politikarane i ein vanskeleg situasjon. Det innrømmer ordførar Magni Aa Berge.

– Det er fantastisk bra valdeltaking og engasjement. Så bra at eg unner begge sider mange røyster, men det er blitt eit kjedeleg resultat som det blir vanskeleg for politikarane å forholde seg til, seier Magni Aa Berge.

– Ja, kva råd har du fått?

– Eg har heile tida sagt at eg uansett vil følgje fleirtalet. Det må eg ta konsekvensen av, seier ho.

Å spå utfallet av den politiske handsaminga etter eit så jamt resultat, torer ho ikkje. Det må bli opp til kvar enkelt, meiner ho.

- Klart svar i Eid, men eg skulle ønskt større valdeltaking, seier ordførar Alfred Bjørlo.

– Klart svar i Eid, men eg skulle ønskt større valdeltaking, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Klart resultat i Eid
Resultatet i Eid er no klart. 56,2 prosent røysta for samanslåing med Gloppen, 38,9 prosent røysta nei, medan 4,9 prosent var blanke. Valdeltakinga i Eid var berre 49,3 prosent.

– Eg skulle sjølvsagt ønskt betre valdeltaking i Eid, men vi har fått eit tydeleg ja. Det gjeld både innbyggjarundersøkinga og folkerøystinga, seier Bjørlo.

Opptekne av saka
– Kva er din kommentar til resultatet i Gloppen?
– Stort tettare kan det ikkje bli. Det er ekstremt og forsåvidt i tråd med det mange trudde. No må Gloppen-politikarane konkludere, seier Bjørlo. Han meiner politikarane i alle fall har fått eitt tydeleg svar: Glopparane er opptekne av saka.
– Valdeltakinga er imponerande. Den står det respekt av, seier han. Dersom Gloppen vel åleinegang vidare, er det naturleg for Eid å starte samtalar med dei andre naboane på nordsida av fjorden.