Home   >   Nyhende   >   4H inviterer til haustfest

Haustfest på ein naturmøteplass som her på Atløy er også kjekt. Foto Åge Avedal.

4H inviterer til haustfest

70 4H-klubbar over heile fylket er no i gang med årets høgdepunkt: Haustfesten.

– Å vere på haustfest er kjempekjekt! 4H-klubbane har lagt ned mykje arbeid for at dette skal verte ein festdag, seier Hilde Sværen, organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane.

Stiller ut prosjekt

Haustfesten markerer slutten på 4H-året, med utstillingar av gjennomførte prosjekt, underhaldning og moro. Det er medlemene sjølve som er vertskap, og mange unge får debuten sin frå scenekanten denne kvelden. Klubbane stiller ofte med heimesnekra innslag som sketsjar, song og musikk – til stor glede for bygdefolket, foreldre, søsken og andre.

Gjennom året har kvart 4H-medlem jobba med eit sjølvvald prosjekt, som dei stiller ut denne kvelden. Det er stor spennvidde, alt frå dyrestell og dyrking til handarbeid og matlaging.

– Høgdepunktet på festen er sjølvsagt når medlemene mottek merket sitt for godkjent 4H-år, med godkjent 4H-prosjekt og deltaking i klubbarbeidet, fortel organisasjonsrådgjevaren.

Lagar liv i lokalsamfunn

Engasjementet og aktiviteten i og rundt 4H-klubben skapar mykje liv og røre i bygdene. Mange stader er haustfesten eit viktig møtepunkt, her møtest unge og eldre til ei hyggeleg stund ilag.

– Eg er stolt over det arbeidet som 4H-medlemene og 4H-klubben gjer i og for lokalsamfunnet sitt, smiler Sværen.

Den første haustfesten har allereie gått av stabelen, og fram til midten av november vil det gå slag i slag med haustfestar over heile fylket. Mange 4H-klubbar nyttar høvet til å gjennomføre festen på naturmøteplassen sin og samstundes få vist den fram.

Engasjerte barn og unge

4H Sogn og Fjordane samlar nærare 1900 medlemer, inkludert vaksne klubbrådgjevarar. Dei fleste medlemene er i alderen 10-18 år, og i tillegg er det mange foreldre og andre i nærmiljøet som støttar opp om arbeidet i klubbane.

«Å lære ved å gjere» er mottoet til 4H. Gjennom arbeid med prosjekt innan ulike tema, verv i styre og mykje, mykje meir, lærer barn og unge å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunna – noko dei får nytte og glede av no, og også seinare i livet.