Frå framsyninga Så vakker du er med Sogn og Fjordane Teater.

15000 såg fylkesteateret

Over 15 000 publikummarar kom til Sogn og Fjordane teater sine framsyningar i 2016.  Men teateret kom også til publikum, poengterar dei i årsmeldinga si.

Over 60 spelestadar i 25 av 26 kommunar hadde besøk av teateret i fjor. Ungdomshus, kyrkjer, idrettshallar og kulturhus hadde til saman 198 framsyningar i 2016.

I hjartet av Førdehuset, der teatret held til, opna samstundes ei heilt ny scene: Eventyrrommet. Magien i teateropplevinga er kanskje aller størst for dei minste. 

Teatermagi

Born treng forteljingar og eventyr, og dei treng å høyre dei på sitt eige språk. Som eitt av tre teater med nynorsk som scenespråk, er vi opptekne av å bidra til at borna får høyre sitt eige skriftspråk gjennom gode formidlingar.

Eventyrrommet er ei permanent scene i Førdehuset. Tilbodet vart godt motteke både av skular, barnehagar og familiepublikum. Med denne nye spelestaden har teateret fått tilført ei vitalisering og ein fleksibilitet i tilbodet til born, der skodespelarane ved Sogn og Fjordane Teater også får utvikle seg som forteljarar. 

Ikkje berre i salen, men også på scena har born og unge fått oppleve teatermagi på profesjonelt nivå dette året. Først og sist i teateråret var scena deira! Den første framsyninga Sogn og Fjordane Teater sette på plakaten var «Ung 2016», eit unikt samarbeid med ungdomsskulane Førde, Farnes, Hornindal, Lærdalsøyri, Gloppen og Kvåle. I desse framsyningane medverka heile 360 elevar på scena.

Til ungdomane
Ungdommar frå heile fylket fekk ei scenekunstoppleving som dei kunne identifisere seg med og kjenne seg igjen i, sjølv om den var heilt utan ord. Inkludering og mangfald var eit viktig tema for denne produksjonen som også gav verdifulle erfaringar med tanke på integrering og publikumsutvikling.

Dette arbeidet bygde teateret vidare på i samarbeidet med kulturskulane i Jølster, Florø og Førde med produksjonen av «Julekrybba» som vart årets siste première. Her fekk kring 90 born og unge vere skodespelarar i ei storslått kostymeframsyning i kyrkjene i Naustdal, Florø og Jølster. Slik kunne dei gjere den evige forteljinga om barnet som kom med fred til si eiga. 

Fekk profesjonell scenekunst
Idun Losnegård fekk saman med Reidun Melvær Berge i 2016 eit engasjement som varer ut 2019. Saman med Kyrre Eikås Ottersen utgjer dei eit fast ensemble. Dette gjer teateret i stand til å arbeide meir dynamisk og langsiktig med tilbodet til publikum. Sogn og Fjordane Teater leverer ein meir kontinuerleg aktivitet og oppnår god utnytting av kapasiteten med dette tiltaket. 

Det nære samarbeidet med Den kulturelle skulesekken er viktig for å sikre kontinuiteten i arbeidet til teateret for å kunne involvere born og unge i teatertilbodet, både i salen og på scena. Slik bidreg teateret til at gode kulturopplevingar vert ein del av det å vekse opp i fylket vårt. Det er Sogn og Fjordane Teater stolte av!

Nærare 3000 elevar på ungdomstrinnet og på vidaregåande skular i Sogn og Fjordane fekk i 2016 oppleve profesjonell scenekunst på nynorsk. Framsyningane «Så vakker du er», «Ung 2016» og «Vildanden» vart viste i Den kulturelle skulesekken.

Publikumssuksessar
Reidun Melvær Berge hadde for fyrste gong hovudrolla som Borni i det 32. «Kinnaspelet». Reidun har vakse opp med «Kinnaspelet» frå ho var lita jente heime i Florø. No er ho mellom våre mest lovande unge skodespelarar, med rolletolkingar som imponerer både publikum og internt på teateret. Gjennom kontinuerleg, langsiktig kultursamarbeid som «Kinnaspelet» kan slike talent nå fram til målet om ei profesjonell karriere slik Reidun Melvær Berge har gjort. 

Blant publikumssuksessane i 2016 var dramatiseringa av Brynjulf Jung Tjønn si «Så vakker du er» som hadde 2 820 publikummarar. Ein annan suksess var «På lokalet» av Arne Fagerholt, som turnerte i ungdomshusa i fylket og hadde eit besøk på 2 054 publikummarar. «Så vakker du er» vart invitert til Det Norske Teatret som gjestespel og trekte tre fulle hus i hovudstaden!