Home   >   Nyhende   >   140 000 bilar vraka i fjor

I Sogn og Fjordane vart det utbetalt over 10 millionar kroner i vrakpant i fjor.

140 000 bilar vraka i fjor

I Sogn og Fjordane vraka vi bilar for 10 millioner kroner i vrakpant i fjor. 3541 køyretøy vart tekne rydda frå vegar og tun i fylket, melder Skatteetaten.

Totalt i heile landet vart det i 2016 utbetalt 419 millionar kroner i vrakpant for nær 140 000 køyretøy. Skatteetaten overtok ansvaret for utbetaling av vrakpant frå Tolletaten 1. januar 2016.

I første halvår av 2016 blei 2094 køyretøy i Sogn og Fjordane avskilta, medan det andre halvår var 1447 køyretøy.

– Erfaring viser at første halvdel av året er den mest populære tida for vraking av bilar. Dette har nok samanheng med at alle bilar som vert vraka innan 20. mars ikkje må betale årsavgift, seier Kjell Vindvik, seniorrådgivar for vektårsavgift og vrakpant i Skatteetaten.

Når du vrakar bilen din på ein godkjend vrakplass, vil Skatteetaten automatisk utbetale vrakpanten på 3 000 kroner. Avhengig av kva dag bilen blir levert til vraking, vil det ta ei til tre veker før pengane er på konto.

– Ta vare på vrakmeldinga du får. Dette er din dokumentasjon på at du har levert køyretøyet på ein godkjend vrakplass, seier Vindvik.

Her finn du oversikt over godkjende vrakplassar.

I 2016 var det køyretøyeigarane i Akershus, Rogaland og Hordaland som vraka flest bilar, mens finnmarkingane vraka absolutt færrast. Nest sist på den lista ligg Sogn og Fjordane viser tala frå Skatteetaten.

– På landsbasis ser vi ein marginal nedgang på talet vrakingar dersom vi samanliknar tal for 2015 og 2016, noko som er normale svingingar frå år til år, seier Vindvik.