Home   >   Lokalt   >   Gloppen   >   108 km/t i 60-sona

Politiførstebetjent Torbjørn Sælen og UP kverrsette eit førarkort på Byrkjelo i dag.

108 km/t i 60-sona

UP kverrsette eit førarkort etter å ha stogga ein bil som køyrde i 108 km/t i 60-sona ved Byrkjelo onsdag føremiddag. 

Føraren, ein mann i 40-åra heimehøyrande i Sogn og Fjordane, må bu seg på å bli fotgjengar i lenger tid.

Politiet skreiv også ut seks forenkla førelegg for høg fart. Høgste målte fart her var 83 km/t.