Home   >   Nyhende   >   100 millionar til nytenking innan fysisk aktivitet

Hjertet og Aktivitetsbåndet i Ikast. (Illustrasjon Arkitektfirmaet C. F. Møller)

100 millionar til nytenking innan fysisk aktivitet

Kulturdepartementet lanserer ei tilskotsordning for å stimulere kommunane til kreativitet og nytenking når det gjeld fysisk aktivitet.

– Vi er ganske tradisjonelle her i Noreg. Vi byggjer ein hall, ein ballbinge, ein skatepark eller ein klatrepark. Og det er flott. Men vi må også tenkje nytt, kva med å samle mange aktivitetar i eitt anlegg, å legge til rette for eit utal aktivitetar på eitt og same område, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

Fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør ei rådgjevande rolle overfor kommunane og legg opp til eit informasjonsmøte med kommuane om denne nye ordninga innan kort tid.

Fantasien set grensene

Eit slikt anlegg kan innehalde til dømes buldresoner (klatring), stupeanlegg, bordtennis- og biljardbord, dansesal, turnapparat, boksering, hinderløype, joggeløype og minibingar for ballspel. Det kan vere lagt til rette for aktivitetar som skating, sykling, dansing/cheerleading og kondisjonstrening med tredemøller og syklar. Det er om å gjere å tenkje nytt, og ikkje late noko anna enn fantasien setje grensene i første fase.

Skrede viser til Danmark, der det er gjort mykje på denne fronten. Her kan du sjå bilete av noko av det som er bygd der siste åra.

100 millionar over tre år
Tilskotsordninga som Kulturdepartementet no opprettar, er finansiert av spelemidlane for å bidra til etablering av nye typar anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Det er i første omgang ein prøveperiode på tre år, der departementet har sett av 100 millionar kroner, som kommunane kan søkje om.

Dei kan få eit tilskot på 50 prosent av kostnadane for heile anlegget. Kommunane som søkjer kan få maksimalt fire millionar, og den nedre tilskotsgrensa er to millionar. Det er ingen søknadsfrist, og søknadane vert vurderte fortløpande.

Foto frå Bevægelseshuset Spiralen i Kalundborg. (Foto: Rune Johansen)

Nyskaping ein føresetnad for tilskot
Målet er å stimulere kommunar til å vere kreative og tenkje nytt når det gjeld utforming av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet. Nyskaping er ein vesentleg føresetnad for tilskot. Lokalt engasjement og idé skaping står sentralt, og relevante brukargrupper som barn, unge og eldre må vere med i utforminga av anlegga.

Det er i tillegg krav til at anlegga skal vere lett tilgjengelege, til dømes i nærleiken av skular og/eller på stadar med god kollektivtransportdekning. Utforminga må vere open og inviterande, og anlegget må vere ope i minst 20 år framover, vere universelt utforma og kunne brukast heile året.