Home   >   Nyhende   >   1 av 4 i Sogn og Fjordane er usikker på om røykvarslaren fungerer

1 av 4 i Sogn og Fjordane er usikker på om røykvarslaren fungerer

Januar er ein av dei månadene det brenn mest. Likevel er det fleire tusen defekte røykvarslarar i Sogn og Fjordane som er modne for utskifting.

Lise Killi er kunderådgjevar i Gjensidige og snakkar dagleg med kundar i området. Kvar dag er det over 100 branntilløp i norske heimar. Fleire av desse endar med tragedie. Hadde alle hatt ein røykvarslar som fungerte, kunne flere liv ha vore redda, sier ho.

Sogn og Fjordane   

Ei undersøking frå Gjensidige gjennomført av Ipsos viser at 1 av 4 innbyggjarar i Sogn og Fjordane ikkje har kontroll på om røykvarslaren virkar eller ikkje. Berre 42 prosent oppgjev at dei er heilt trygge på korleis dei bruker brannsløkkingsutstyret.

Riktig montering

Killi påpeikar at det også er viktig at røykvarslaren blir montert rett. Helst bør han henge midt i taket og minimum 40 centimeter frå vegg og ikkje ”gøymast vekk”, slik mange gjer. Viss det ved kontroll av røykvarslaren blir avdekka at han ikkje fungerer sjølv om batteriet er nytt, er varslaren øydelagd og må straks skiftast ut med ein ny. Ha minimum ein i kvar etasje, gjerne seriekopla, sier Killi.

Ta med borna

– Mange tenkjer at skadar og brannar ikkje skjer hjå ein sjølv, og trur brannvesenet skal kome og sløkke viss det går gale. Slik er det ikkje. Ein må vere sin eigen brannsjef og førebygge brannar gjennom brannvern og opplæring, sier kunderådgjevaren.

Ein fin aktivitet no i januar kan vere å ta med heole familien på leiting etter gode rømningsvegar, sjekke røykvarslar og at brannsløkkar fungerer.

Gode råd:

  1. Bytt batteri i alle røykvarslarar.
  2. Sjekk at røykvarslaren verkar.
  3. Er røykvarslaren eldre enn ti år, byt til ny.
  4. Montér seriekopla røykvarslarar i større bueiningar.
  5. Gjennomfør brannøving med liten og stor.